Det er etterkvart ei kjent sak at det vert køyrt altfor fort i 60-sona på E39 ved Engevik. No kan det bli gjort noko med dette.

Etter at ordførar Harald Rydland sendte brev til Statens Vegvesen der han bad om fotoboks på denne strekninga har han hatt direkte kontakt med vegvesenet. Dei har òg sett at det må gjerast noko her.

Rydland kan såleis fortelja at Statens Vegvesen, politimeisteren i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt  og ordføraren i Fitjar er blitt samde om å ha eit møte der dei ser på ulike løysingar for å betre situasjonen på denne strekninga. Då vil ein mellom anna snakka om både fotoboksar og sykkel-/gangstigar.