Med klare potensielle kjøparar kan det gå mot ei løysing på den økonomiske sida for utbygginga av vindmøller i Fitjarfjellet.

I alle fall har styret i Fitjar Kraftlag SA i dag godkjent at DONG Energy AS kan selje sin aksjepost i Midtfjellet Vindkraft AS til dei to norske energiselskapa Vardar AS og Østfold Energi AS.

Bakgrunnen for godkjenninga har vore at selskapa har brei kompetanse og erfaring frå bygging og drift av vindkraftverk i Noreg og utlandet, og at dei er villige til å gjennomføre ein rask prosess i samband med ei eventuell overtaking av DONG Energy sin aksjepost.

Endeleg vedtak vedrørende sal av aksjeposten vil verta fatta innan utgangen av august 2011.

– Så er det berre å vona at dei kan bli samde om vilkåra. Me jobbar uansett som om det vert oppstart i haust, kommenterer kraftlagssjef Ole Vidar Lunde til fitjarposten.no.

 

 

anabolen kuur