I eit brev frå fylket i dag går det fram at fylkesmannen i Hordaland gir Årskog Dokk AS løyve til delvis fjerning av flytedokken i Årskog.

– Delane av flytedokken som vert tekne på land, skal om mogeleg attvinnast eller sendast  til godkjent mottak. Løyvet er gitt med heimel i Forureiningslova § 11, jf. § 16.

Flytedokken vil bli klipt i mindre bitar som skal takast på land inntil seglingsdjupne på 10 meter er etablert.

Det ser altså ut som det endeleg går mot løysing av dokkproblemet som har vore sak i Fitjar kommunestyre over lang tid.

Ordførar Wenche Tislevoll seier til fitjarposten.no at ho er både glad og letta over at ein no er komen så langt.

Når det gjeld mottak av vindmøller, kjem dei neste i midten av mars. For å kunne ta imot dei i Årskog vil ein vere avhengig av å få vekk dokken og klargjort kaien og ilandsettingsområdet der. Om ikkje dette vert klar i tide, vil transporten gå om Eldøyane slik han har gjort til no.

Uansett vil ein likevel trenge kaien i Årskog til vindmøllelagring vidare, og den store transformatoren som kjem i sommar, må takast i land der, i det han er for stor til å koma gjennom tunnelen i Uføro.