Bokheksene frå Stord kjem til Fitjar på laurdag.

Førstkomande laurdag blir det ope på Fitjar folkebibliotek, og «bokheksene» frå Stord vil lesa og heksa for barna.

Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen skriv i ei presseleding at biblioteket skal ha laurdagsope frå 13 til 16. Ho har kalla arrangementet «Boklaurdag».

Boklaurdag betyr ope bibliotek og eit litterært arrangement for barn. På laurdag kjem «bokheksene», som består av Camilla Ruhs og Kristine Thorkildsen frå Stord folkebibliotek. Dei heksar og les bøker for barna. Passar best for barn mellom 3-9 år.

– Boklaurdag er noko me skal prøve å få til nokre laurdagar i halvåret, seier Silje Vågen Torbjørnsen. Neste boklaurdag vert under Falturiltu 3. november. Då kjem forfattar Vegard Markhus.