I haust har den unge fitjarbuen Svein Tarald Landa Framnes debutert på Aschehoug, og søndag kveld blir han å treffa på Fitjar folkebibliotek.

Debutboka til Svein Tarald heiter «Juletre til Afrika», og handlar om to mann som arbeider med å hogga sitkagran på nokre øyar. Altså eit svært aktuelt tema for oss i Fitjar. Hovudpersonen heiter Helge og er ein ung mann med ei vanskeleg fortid. Han hjelper Pavel, ein russisk innvandrar som har teke på seg oppdraget med å fjerna sitkagranene som ordføraren meiner øydelegg kulturlandskapet.

Fitjarposten sin journalist har lese «Juletre til Afrika», og kan stadfesta at det er lett å kjenna seg igjen i boka. Både i øyane og i uttrykksmåten til den unge forfatteren. Søndag kveld kl. 18.00 kan du møta han på Fitar folkebibliotek. Dit kjem også Johanne Øvstebø Tveden og Heidi Eikremsvik for å presentera nyutkomne bøker. 

Om du ikkje har lese boka til Svein Tarald Framnes, og vil lesa meir om den, kan du sjå Else Marie Sørheim sin kritikk på nettsida til Dagbladet.

Biblioteksjef Silje Vågen minner elles om at det blir eit arrangement for førskule- og småskulebarn på biblioteket i morgon, laurdag, kl. 12.00.  Anna R. Folkestad skal lesa bildeboka si, «Henrik And», og avslutta med ei teknestund etterpå.