Ordførarspørsmålet kan bli avgjort i kveld. Etter fleire rundar partia i mellom går det no mot ei avklaring i ordførarspørsmålet i Fitjar.

– Det kan hende at kabalen går opp i kveld, men det kan òg hende at me må vente til i morgon føremiddag før me kan seie noko, seier Høgre sin ordførarkandidat Wenche Tislevoll.

– Er du optimistisk?

– Ja, det trur eg at eg tør seie, svarar ho.

Ordførar Harald Rydland vil ikkje uttala seg så mykje om det, i det han ikkje veit kva dei andre har snakka om.

– Me skal ha samtale med ei gruppering i ettermiddag, så får me sjå kor det heile endar, seier han.

– Om eg må gå, så er eg likevel glad for at me i Fitjar KrF gjorde eit godt val. Det hadde vore verre om ikkje, seier han.

Fitjarposten kjem tilbake med resultatet av forhandlingane når dei ligg føre. Då vil me òg vite kva for parti som får varaordføraren og utvalsleiarane.