Under samlagsstemnet i feltskyting i Sveio i går vann fitjarbuen Morten Skumsnes klassen for eldre rekrutt.

Dermed kan Morten Skumsnes kalla seg for sunnhordlandsmeister. I konkurranse med fire andre gjekk han til topps i klassen eldre rekrutt.

Han trefte blink med alle 30 skota sine i innleiinga – av desse var 23 innertreff. I finalen skaut han to gonger seks skot, på to ulike hald. I den første runden blei resultatet 6-4; dvs. treff på alle skota, av desse 4 inner. I den andre runden blei resultatet 5-3, dvs. 5 treff, av desse 3 inner.

Med berre 1 bom på 42 skot totalt under stemnet i går, må han seiast å vera ein verdig sunnhordlandsmeister.