Det meiner 22 karateutøvarar frå Fitjar som i helga deltok på JKA sin sommarleir på Vikahaugane på Stord, årets høgdepunkt for utøvarane.

Entusiastiske karateutøvarar frå Fitjar Karate Senter fekk trene med høgtståande instruktørar frå Japan, England og Norge.

På sommarleiren er det slik at instruktørane byter på å instruere dei ulike gruppene, som blir delt inn etter beltefargar. Slik får alle oppleve å bli instruert av mestrane, om ein har kvitt eller svart belte. Dette er stort både for små og vaksne.

7 av medlemmane frå Fitjar Karate Senter blei gradert av landslagssjef Jose dos Santos på søndag, og kunne reise fornøgd heim etter bestått gradering. 1 graderte til gult, 5 til oransje og ein til grønt. FKS har då ein rik variasjon av fargar i rekkene.
 
Barnegruppa frå FKS fekk god instruksjon av sjølvaste "sjefen sjølv", Osaka Sensei. Den tilreisande frå Japan kan verken norsk eller engelsk, men fekk hjelp då han skulle instruere ungane.

Barnegruppa syntest det var stort å lære karate frå ein japanar, som er av dei høgst graderte svartbeltarar i heile verda. Øktene varte frå 1 time til 1 time og 40 minutt. Ungane var tålmodige og følgde godt med.
 
Laurdag samla dei fleste av dei 350 utøvarane seg på Stord Hotell, til god mat og moro for store og små.
 
 
Tilreisande instruktørar var: Osaka sensei  8. Dan JKA (Hovedinstruktør JKA Japan) , Otha sensei  6. Dan JKA (Hovedinstruktør JKA England) , Larsen sensei  6. Dan JKA (Hovedinstruktør JKA Norway), dos Santos sensei 5. Dan JKA (Landslagssjef JKA Norway).