Ein ung gut på moped, kolliderte ved 18.30 tida i kveld med fronten på ein bil. Guten vart sendt til sjukehuset for sjekk, men skal ha kome i frå det med lettare skadar.

To mopedar kom køyrande etter kvarandre, og møtte ein bil ved Synningo på vestsida av Storavatnet. Den første mopeden  traff bilen i fronten, men den andre kom seg klar.

Guten på den første mopeden blei liggjande i vegbanen etter kollisjonen, og fekk beskjed om å bli liggjande i ro å vente på lege og ambulanse. På sjukehuset fann dei at guten var kraftig forslått, men at han elles berre hadde lettare skadar, utan brot av noko slag.