Ei jente på 16 køyrde i ettermiddag av vegen etter møte med ein bil sør for Vik. Bilen køyrde vidare utan å stoppa.

Politiet fekk kl. 14.43 melding om trafikkuhell på Rv.545, ca. 1,5 km sør for Vik.  Ein mopedist, jente (16), hadde i samband med møting av ein personbil køyrt ut av vegen og inn i eit gjerde.  Personbilen fortsette utan å stansa.

Jenta pådrog seg skrubbsår på armar og bein, med mopeden kom forholdsvis  uskadd frå uhellet.

Bilen som møtte jenta vert skildra som ein ”ungdomsbil”, han var mørk av farge og blei ført  av ein person politiet trur er ein mann, ut i frå dei opplysningane dei har fått.

-Tips om uhellet kan meldast politiet på telefon 02800, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg.