Monika Hatlevik vart tysdag kveld attvalt som leiar i Fitjar Næringsråd, som då hadde årsmøte på Fitjar fjordhotell.

Med seg i styret får ho: Asbjørn Vik og Tom Innvær. Varafolk er: Unn Vigdis Skaathun og Ole Bergesen. Leiar i valnemnda er Odd Sverre Larsen medan Therese Waage er revisor.

Næringsrådet har mellom anna jobba med lokal utdanningsmesse, sentrumstiltak, skilting, kulturhistorisk vandring og turkart. Dei vil òg vere med når arbeidet med ny næringsplan startar med det første.

På møtet var ellers Sparebank 1 SR-bank invitert for å snakke om tenestene dei kan tilby næringslivet i Fitjar, noko Kåre Ersland som har ansvar for bedriftsmarknaden, gjorde på ein svært god måte.

På møtet hadde òg dagleg leiar Ole Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft orientering om framdrifta i fjellet, og ikkje minst vart Næringsprsien for 2011 utdelt  til Jorunn Hernes og Johannes Sandvik av ordførar Wenche Tislevoll. (Sjå eigne artiklar om dette).