Håkon Øien Kloster prøver seg i ei orienteringsløypa på Midtfjelletdagen 2019. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Orienteringsgruppa håpar på å sjå lokale deltakarar i aksjon i Midtfjellet.

Sjølv om Midtfjelletdagen med sine løp er avlyst grunna korona-situasjonen, vert det likevel aktivitet i fjellet den 5. september. O-løpet Møllesprinten vil nemleg gå som normalt. Løpa går individuelt, og dermed klarer ein fint å halda avstandskrav og andre smittevernsreglar.

Rolf Atle Rolfsnes i Fitjar Idrettslag si o-gruppa lovar løyper for alle aldrar og nivå.

– Me har laga to enkle nybyrjarløyper i området rundt Olstjødno, og det hadde vore veldig kjekt å sjå fleire lokale deltakarar i aksjon.

Påmelding vert på nett, og må skje på førehand grunna korona-situasjonen.

– Nybyrjarar kan starta frå kl. 12.30 og andre frå kl. 13.00. Det er gratis for alle i Fitjar IL, og det blir premie til alle under 12 år, fortel Rolfsnes.