Væpna med plakatar og ektefølt engasjement møtte bygdefolket tilhøyrande Sælevik skule til møtet måndag kveld om skulebruksplanen i Fitjar.

Omkring 80 personar møtte opp då skulesjef John Karsten Raunholm la fram forslag til kommande skulebruksplan, ein plan som har høyringsfrist 15. september.

Som ein liten skule i utkanten, var det mange som hadde hadde smidd på argumenta som skal halda liv i skulen, også i tida som kjem. Under sin gjennomgang av planforslaget gjekk Raunholm mange av alternativa dei hadde sett opp for skulestrukturen i åra som kjem. Den grunnleggjande premissen er at elevtalet, basert på fødselstala i kommunen, går nedover. Han rekna med at fødselstala for Fitjar i 2014 ikkje vil overstiga 30, og desse kjem inn i skulen om 6 år.

Det var trekt opp fleire alternativ i planen, alt frå å halda dagens struktur, til å flytta alle elevar til Rimbareid, dei fleste omkalfatringane braut med det Raunholm kalla nærskuleprinsippet; at elevane skal gå på den skulen som ligg nærast heimen

Men det viktigaste for dåfjordingane var å understreka behovet for Sælevik skule i Fitjar kommune. Trass i at framskrivingane viste at Sælevik i 2016-17 berre vil få ein elev i førsteklasse, kom det fram at det er nyinnflytta familiar som ennå ikkje har kome med i rekneskapen. Fleire av talarane trekte også fram at Sælevik krins sidan 2000 har gått frå 146 personar til 212 i 2014, i kontrast til Osternes og Hageberg, som har mista sine skular, og hatt ein nedgang i folketalet. Tilflyttarane i Sælevik kjem, ifølgje dei som tok ordet, i stor grad frå andre kommunar, og gir dermed ein auke i folketalet i Fitjar

 

Skulen viktig for tilflytting

Ei av dei som tok ordet var Solveig Valvatne Hjøllo, som flytta til Dåfjorden i 2009. Ho fortalte at det ville vore uaktuelt å flytta dit om det ikkje hadde vore ein skule der, og i så måte måtte ein sjå debatten om skule eller ikkje skule som ein del i eit langsiktig samfunnsøkonomisk perpektiv. Ho meinte også at det er mykje å læra av kampem Litlabø skule kjempa. Skulen blei berga, og no er dei fleste glade for at skulen lever i beste velgåande. Ho meiner administrasjonen og politikarane på same måten som i Stord må ha is i magen, for ho meiner skulen tilfører kommunen mykje, mellom anna netto innflytting.

Noko liknande fortalte Reidun Sørenesen, leiar i Dåfjorden Velforening, og dåfjording sidan 2001. Ho kunne fortelja at ungane i heimen hadde fått med seg at det skulle vera møte om framtida til skulen i grenda. Då fall orda at om skulen forsvinn, ville dei flytta til Finnmark, for framleis å få gå på ein liten skule. Ho gjekk gjenom eit reknestykke som ifølgje hennar berekningar viste at med tilskot per elev og skatt frå foreldra, gjekk budsjettet for skulen omtrent opp i opp. Annar Westerheim viste til den gusntige utviklinga i Dåfjorden, med tilflytting ob husbygging. Han var heller ikkje redd for nedgong i elevtalet i kommunen, all den tid det er mange byggjeklare tomter i alle delar av kommunen, tomtar som kan lokka småbarnsfamiliar til Fitjar.

Også leiar i FAU, Gunn Kari Auestad, understreka kor viktig skulen er for bygda. Ho rosa den stabile staben som tar seg av og ser ungane, brukar nærmiljøet i undervisninga og odlar fram trygge elevar. Med utsikter til skyssinga til anten Øvrebygda eller Rimbareid undra ho seg om foreldre vil bli pålagt å betala for SFO, eller om det vil gå skyss fleire gonger til dagen, sidan dei ulike aldersgruppene sluttar til ulike tider. Skyss til andre skular ville også øydeleggja for målet om at flest muleg skal gå til skulen.

 

Imponert ordførar

Ordførar Wenche Tislevoll var imponert over engasjementet i bygda. – Eg set stor pris på engasjementet de viser. Ikkje berre når det gjeld skulen, men for slikt som SFO og kunstgrasbanen. De får til ting her. Og ho fortsette: – Engasjementet gir oss ein peikepinn på kva det er verdifullt å ta med vidare.

Tysdag er det Øvrebygda skal orienterast om den kommande skulebruksplanen og koma med tilbakemeldingar, og onsdag står Rimbareid for tur.

Etter møtet fortalte Reidun Sørensen at ho hadde sett fram til møtet med gru og sommarfuglar i magen.

– Det er mykje som står på spel for bygda eg har blitt så glad i. No er eg spent på kva det endar med, avslutta ho.

 

Ingressbilete: Sebastian Bakke, Elias Westerheim og Celine Borup tok imot gjestene med plakatar med eit tydeleg bodskap. Foto: Arne Vestbøstad