For mange er mobiltelefonen ein viktig del av kvardagen. Difor kan det vera lurt å tenkja seg om i vinterferien, slik at telefonen overlever den kommande veka.
Mange reiser for å koma til snøen i vinterferien, og med på lasset er sjølvsagt mobilen. Men sjølv om telefonane er høgteknologiske, er dei ikkje laga med tanke på at dei skal vera med ut på ski, eller andre aktivitetar i vinterklima. Det er fort gjort at temperatur og fukt øydelegg telefonen og batterikapasiteten, om du ikkje passar litt på.
I det høve har Telenor sendt ut nokre tips og råd for enkel mobil-omsorg, med hjelp av polfarar Rune Gjeldnes . Hans topp-tips er å gi mobilen kroppsvarme.
– Mobiltelefonen bør liggja så kroppsnære som overhovudet mogleg, for å halde varmen. Både batteri og telefon bør vera rom-temperert før mobilen blir brukt. Legg gjerne ei handvarme- eller fotvarmepute, som gir varme i fleire timar, saman med mobilen, seier Gjeldnes.
Sju tips for å passe mobilen i vinterferien.
– Ha mobilen i innerlomma. Pass ekstra godt på om du skal vera i fysisk aktivitet. Har du klede som ikkje pustar, kan mobilen bli skada av eventuell kondens.
– Ha mobilen i ein vasstett pose, spesielt om det regnar eller snøar. Det finst mange produkt på dette området, men for å halda fukta borte frå telefonen, kan du fint klara deg med ein ziplock-pose.
– Eit anna rimeleg alternativ er å bruka ein ullsokk, som både varmar og trekkjer til seg fukt.
– Legg du i tillegg sokken med mobilen i ein plastpose, vil telefonen vera ekstra godt beskytta.
– Slå av WiFi, Bluetooth og andre funksjonar som brukar straum, og juster ned lysstyrken på skjermen til eit minimum.
– La telefonen liggje i lomma. Bruk hovudtelefonar til å ringje og svara på telefonsamtalar. Skal du høyra på musikk, bruk fjernkontrollen på hovudtelefonane til å skifta songar og justera volumet.
– Unngå store temperatursvingingar. Ikkje gå frå -20 til +20. Då ber du om problem (med kondens, til dømes). Sørg for å akklimatisera telefonen før du tek den inn i stova. Det kan gjerast med å pakka mobilen inn i ein lufttett pose før den blir tatt inn i varmen.
