Tekstar av Etne-diktar Ingvar Moe får si musikalske renessanse på Stord første helga i oktober. Bak står to unge sunnhordlendingar.

Fire tonesette Moe-tekstar får sin urpremiere når Johannes Aadland (song) og Harald Espeland (gitar) held konserten «Mjuke minne» i Fitjar kyrkje og i Galleri Giga på Leirvik 3. og 4. oktober.

Det er stordabu og kulturskulerektor Åge Vallestad som har sett melodi til tekstane, og då Aadland og Espeland nyleg opptredde saman i bryllaupet til sonen hans, fekk dei nyss i dei fire nyskrivne melodiane.

– Fortener å bli høyrt
– Åge sa at me gjerne fekk bruka songane, så då kom ideen om å laga konsert, fortel Aadland. – Tekstane til Moe er like gode i dag som då dei blei skrivne, og fortener å bli høyrt.

Konserten har dei kalla «Mjuke minne», etter ein av tekstane til Etne-diktar Moe. I tillegg til dei tre andre Moe-songane, vil publikum få oppleva songar med innhald som kretsar rundt det å ta vare på dei gode minna; songar av blant andre Per Sivle, Kenneth Sivertsen og Alf Prøysen står også på programmet.

Saman att etter sju år
Alt for sju år sidan opptredde Johannes og Harald saman. Den gong var dei avgangselevar ved Stord Vidaregåande skule si musikklinje. Sidan den gong har dei unge mennene fortsett med musikkutdanning på kvar sin kant, og med «Mjuke minne» tar dei opp att samarbeidet der dei slapp for sju år sidan.

– Folk i alle aldrar er hjarteleg velkomne på konsertane. Me har sett saman eit repertoar me meiner kan passa for både unge og gamle, seier Espeland.

Harald Espeland held til i Bergen, og spelar med andre utflytta stordabuar i bandet Superbravo. Gitaristen har også opptredd saman med band som List, The Kambourines og The Foggy Few på fleire konsertscenar på aust- og vestlandet.

Johannes Aadland har base i Oslo, og er aktiv som artist og vokalist. I oktober drar han på turné med barneteaterstykket «Rødt lys», skrive av sunnhordlandsforfattar Per Jan Ingebrigtsen.

Fitjar Kyrkje 3. oktober kl 1900
Galleri Giga 4. oktober kl 1400
kr 100/70