Framdøra på bussen har vore stengd sidan mars. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

I tråd med oppdateringa av den nasjonale rettleiaren for smittevern i kollektivtransporten vil Skyss/Kringom mjuka opp smitteverntiltaka på buss, bane, båt og ferje.

Det er Rune Kjørlaug i Skyss som skriv dette i ei pressemelding i dag. Han viser til at Helsedirektoratet 2. juli publiserte ein oppdatert nasjonal rettleiar for smittevern i kollektivtransporten. I rettleiaren er det innført graderte smitteverntiltak (trafikklysmodell), der nasjonale myndigheiter set tiltaksnivået.

– Per 30.06.20 er tiltaksnivået for heile landet sett til gult. Skyss/Kringom ser at dei nye råda inneber ei oppmjuking som vil gi auka kapasitet i kollektivtrafikken, og vi gjer difor nokre tilpassingar av gjeldande tiltak, heiter det i pressemeldinga.

Sperremerkinga på seta vert fjerna, unntatt der seta er vende mot kvarandre. På bussane vil seterada bak sjåfør ha sperremerking. Det er nødvendig å unngå kontakt ansikt til ansikt, ikkje stå inntil seteradene og stå spreidd i dei opne områda. Bruk av sitteplassar bør prioriterast framfor ståplassar. 

Ved å sitte skulder ved skulder er det mogleg å avgrense kontakt ansikt til ansikt, noko som er viktig for å hindra smitte.

Bussane vil frå no stoppa på alle haldeplassar. Dei reisande må sjølve ta ansvar for å ikkje gå om bord dersom ein ikkje kan halda avstand til andre på ein slik måte at ein unngår ansikt til ansikt.

Framdøra i buss vil frå 13. juli bli opna på alle avgangar i Kringom, og det vert no mogleg å betala med bankkort eller reisekort hjå førar på bussar i Kringom. På båtane i Vestland kan ein no betala med bankkort eller reisekort hjå mannskapet.

– Vi er glade for denne endringa, som vil letta på presset i kollektivtrafikken. Det har vore krevjande når andre delar av samfunnet har opna opp, medan kollektivsektoren har hatt svært strenge smittevernkrav. Samstundes forstår vi at kollektivtrafikken er utsett med tanke på smittespreiing, så vi skal vera klare til å stramma inn på kort varsel dersom helsemyndigheitene set tiltaksnivået tilbake til raudt, seier direktør i Skyss/Kringom, Målfrid Vik Sønstabø.