Kraftlagsjef Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag reagerer på at Fitjar Kraftlag er hengt ut i media for å ha den dyraste straumen i landet. – Det er langt i frå tilfelle, seier han.

Lunde viser mellom anna til ein samanliknande stikkprøve frå SKL. Medan straumutgiftene for standard variabel pris i vår nabokommune var rundt 89 øre/kWh i desember, hadde Fitjar Kraftlag ein gjennomsnittpris for desember på 68 øre/kWh. Altså rundt 20 øre rimelegare per kWh.

Går me inn på konkurransetilsynet.no sine sider, ser me, i skrivande stund, at Fitjar Kraftlag, når det gjeld standard variabel pris, ligg som nr. 8 på landsbasis. Altså mellom dei 10 leverandørane i landet som har best pris. I går låg dei endå høgare oppe.