Rett før midnatt køyrde ein bil utfor vegen på Dalshaugane, 1,5 km nord for Joker-butikken på Rydland

Politiet fekk melding om trafikkuhellet kl. 2350 i går kveld, skriv Agnar Martin Austerheim i politiloggen. Eit einsleg køyretøy hadde køyrt av vegen, men ingen personskade.

Bilføraren, ein mann på 28 år, blir mistenkt for køyring i alkoholpåverka tilstand. Nødvendige blodprøvar er tekne, og førarkortet beslaglagt, heiter det til slutt i politiloggen.