Politipatrulje kverrsette innsamlingsbøsse på Sandvikvåg ferjekai i dag, søndag.

Etter meldingar frå publikum patruljerte Stord lensmannskontor Sandvikvåg ferjekai i dag kl. 14.10. Der var det reagert på mogeleg falsk pengeinnsamling til organisasjonen ”Internasjonal barnehjelp”. Patruljen meinte det var grunnlag for å mistenkja ein rumensk mann i 30-åra for bedrageri.

– Innsamlingsbøssa blei beslaglagt, sak blir oppretta, og forholdet blir følgt opp av Stord lensmannskontor, fortel operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.