Nokon har vore uheldige og mista pengar på Fitjar i løpet av påskehelga.

Er du den uheldige kan du kanskje få dei attende. Det er blitt funne pengar, og dei er levert inn på lensmannskontoret på Fitjar. Dersom du opplyser om kva du har mista, kor tid, og kvar, og det samsvarer med funnet, kan du vera heldig å få attende pengane dine. Finnarlønn er allereie betalt ut, av lennsmannskontoret, til dei som fann pengane.