Agnar Stadheim er den stolte eigar til Miss Fitjar 2007. etter kåringa i Osternes i dag. Eigaren til det beste verlammet heiter Bodil Haga Helland.

-Kåringa blei gjennomført i eit fint haustver, utan ei einaste regnbyge. Totalt var det 48 værlam på sjået og sju saulam.
Arrangementet gjekk raskt unna. I løpet av tre timar var alle lamma vurderte, og karakterar vart gitt for dei ulike eigenskapane.
Både Stord/Fitjar landbruk og miljøkontor, dommarane og representant frå sauekontrollen gjorde ein flott innsats slik at det praktiske
gjekk fort unna, fortel John Karsten Raunholm til Fitjarposten.