Fitjar fellesforeining for Det norske misjonsselskap inviterte til misjonssamling for alle i prestegjeldet på Dåfjorden bedehus laurdag ettermiddag.

Misjonsselskapet har ikkje misjonsforeining i Dåfjorden, men likevel stilte folk der opp og laga til denne årlege misjonssamlinga som går på omgang mellom dei ulike bedehusa i bygda. Helga Ausestad frå Dåfjorden ynskte velkomen før Ellen Karoline Hovstad, som både er leiar i Fellesforeininga på Fitjar og som sit i områderådestyret for Det norske misjonsselskap, tok over leiinga av samlinga.

Eit 40-tals kvinner, 4-5 menn, ein baby og 5 unge damer hadde benka seg rundt dei fint vår-pynta borda. Prost Svein Arne Theodorsen talte om kor viktig det er for vår tru og vårt liv at misjonenen står sentralt. Han hadde god kontakt med tilhøyrarane i salen, og latteren runga då han innleiingsvis fortalde om sitt siste frisørbesøk som måtte til sjølv om det var lite hårvekst igjen på toppen. Budskapet hans om misjonen si utvikling, den ein Gud, trua, sanninga og den eine talsmannen vart synleggjort for tilhøyrarane gjennom historiar frå prosten sin eigen oppvekst.

Jentegruppa Liljene, som består av 5 jenter frå 6. og 7. klasse, song flott og rørande for misjonsfolket.  Allsong er og viktig når ein samles på denne måten, og denne dagen vart den akkompagnert av Astrid Koløen Prestbø og Svein Arne Theodorsen.

Ellen Karoline har ein varm og nær måte å leia møtet på, med omsorg for kvar einskild frammøtt. Ho fekk og latteren til å runga på ny i bedehussalen då ho etter å ha gjeve dei unge, flink og sjarmerande song-jentene kvart sitt bokmerke som takk for at dei kom og song på møtet, drog opp ein ny pose og delte ut laurdagsgodteri til jentene.

Dåfjordingane hadde laga til eit overdådig kakebord, så det vart laurdagsgodteri på alle, samstundes som dei fekk god tid til å drøsa rundt borda.

Etter matøkta var det misjonsinformasjon ved områdeleiar Edel Sørvik og årsmøte for fellesforeininga. Det vart og teke opp eit misjonsoffer, og det var høve til å levera inn lysstumpar og brukte frimerker som misjonen kan gjera seg nytte av. Mange gjekk og heim med nye handdyppa lys frå Knausen lysstøyperi, og forhåpentlegvis ny inspirasjon til å fortsetja det frivillige arbeidet for misjonen.