Mange fitjarbuar og tilreisande fann vegen til Fitjar bedehus for å vera med på messa til Norsk Luthersk Misjonssamband i går. Laurdag føremiddag var det mange som nytta høvet til å slå av ein prat med gamle kjende på bedehuset. Rømmegraut, risengrynsgraut og dei beste kaker som ein kan tenkja seg, såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga. Åresalet rundt borda gjekk jamt, og fine premiar i alle fasongar fann vegen til lukkelege vinnarar. Det var elles ymse matvarer og fine husflidsprodukt å få kjøpt. Bl.a. såg me ei flott bunadsskjorte til sals for 4500 kr.

Det var rimeleg bra plass i byrjinga, men etter kvart som familiemøtet kl. 14.00 nærma seg, blei den store salen fylt til siste plass. Fitjar Barnegospel gledde møtelyden med frisk song, og Kjell Håland talte. Sistnemnde talte også på kveldsmøtet. Då var det òg mykje folk, og Lovsongsbrørne deltok med mektig song.

Om kvelden var det meir åresal med ei mengd fine gevinstar, og trekning av hovudgevinstane. Bl.a. såg me ei nydeleg trehylle laga og gitt av Gunnar Aarbø,. Elles var det trekning i barnelotteriet av dei 12 kransekakene som var lodda ut.

Lovise Vestbøstad fortel at det truleg kom inn i rundt 115 000 kr på heile misjonsmessa denne laurdagen.