Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys lanserte i dag innbyggjarportalen Miside. Etter mange år med planlegging vart regjeringa si nettsatsing "MiSide" lansert i dag, der all offentleg informasjon om deg er samla.

No skal brukarane lett kunne finne fram til dei tenestene dei treng utan forkunnskapar om kva for offentleg etat og kva for forvaltningsnivå som har ansvaret for tenesta.

– Tenk deg at familien skal flytte til ein annan del av landet. Da må ein til Skatteetaten sin nettstad for å melde flytting, på NAV sin nettstad for å finne ein ny fastlege på den staden ein skal flytte til og til kommunen sin nettstad for å søkja barnehageplass. Med Miside kan du gjere alt dette på same plass, seier Heidi Grande Røys.

Informasjon om Miside og PIN-kodar for tilgang vert no sendt saman med skattekort eller frikort til om lag 4 millionar innbyggjarar frå no og fram mot nyttår. For å logge inn brukar ein PIN-kode og passord som ein veljar sjølv, og ein treng berre å logge seg inn éin gong for å få tilgang til alle tenestene.

Miside kjem på nynorsk, bokmål (MinSide), samisk (MuSiidui) og engelsk (MyPage).

Les meir om "MiSide" her.