Tysdag 22.10 vitja barnebokforfattar Anna R. Folkestad Fitjar folkebibliotek. Ho las frå dei to siste bøkene sine om «Unni og Gunni».

Barna følgde aktivt med og såg ut til å setje pris på forteljingane. Dei fekk lov til å kommentere og spørje heile tida. Etterpå blanda Anna fargar oppi glas, ungane fekk lov til å gjette.

Ei av dei vaksne påpeikte kor kjekt og nyttig det er for borna å få møte forfattarar. Då ser og forstår dei at bøkene me les vert laga av «heilt vanlege folk».

25 barn frå 2-6 år og 5 vaksne deltok på dette arrangementet. I samband med relanseringa av nettsida www.sunnbib.no har Folkestad ein turne i alle biblioteka i Sunnhordland. Denne gong vart Fitjarstølane barnehage invitert i tillegg til at det var ope for publikum.

Fredag vil biblioteka ha ei offisiell markering av at nettsida står fram som ny og betre med hjelp av Hordaland fylkesbibliotek. Markeringa skjer på Fitjar folkebibliotek fredag 25. oktober. Alle som ynskjer å få med seg markeringa er hjarteleg velkomne. 

Sjå òg kalenderen til høgre.