Neste laurdag opnar ei minneutstilling med Karl Gloppen sine bilete i Galleri Losjen. Bilete: F.v. Bjørg og Karvel Strømme, Aud og Signe Gloppen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

Det er Bjørg og Karvel Strømme har teke initiativ til utstillinga, som altså opnar palmelaurdag, 28. mars. Aud Gloppen har laga ei kunstbok med bileta. Denne vert òg presentert i samband med opninga.

 -Vi vart  begeistradå Bjørg og Karvel tok kontakt ved juletider og presenterte idèen om ei slik minneutstilling, så me vart med på det med ein gong, seier Aud og Signe Gloppen. Mor deira Ingebjørg synest òg dette er strålande.

Kunstboka som Aud har laga kunstbok gjev plass til rundt 170 bilete. Boka vert selt under utstillinga til spesialpris – og etterpå hos Theo. Her vil det vere bilete frå dei første bileta Karl laga i starten i 1950  og fram til  2006. Me har bede folk ta bilete av bilete som Karl har laga, men som er i privat eige, og alle har vore svært positive. –Slik fekk me òg bilete av verk som me aldri har sett, smiler Aud og Signe.

-I utstillinga blir det sjølvsagt ikkje plass til alle dei 170 bileta, men me vil stille ut så mange som mogeleg, får me vite. Likeins at Osternes Mannskor vil syngja under opninga.

Ikkje salsutstilling.

Aud og Signe understrekar overfor  Fitjarposten at dette ikkje er nokon salsutstilling, men ei minneutstilling, og det er gratis å koma inn.

Den raude tråden i heile produksjonen er fjellet, og bileta gjev mykje god dokumentasjon om utviklinga av naturlandskapet – og om tun og gardar rundt omkring i bygda. Ikkje minst i Osternes.  Mange bilete av naust er det òg.  

-Det var jo først og fremst landskapsmålar far var, seier Aud og Signe, til slutt.