Styreleiar i Fitjar Kraftlag SA Rannveig Ottestad har skrive minneord om Ole Vidar Lunde. Minneordet følgjer nedanfor.

 MINNEORD

Ole Vidar Lunde vart tilsett som elverksjef i Fitjar Kraftlag 1. august 1996. Det vart snart klart at Kraftlaget hadde fått ein kreativ og dyktig leiar. Han kom med nye idear og var ein pådrivar for å få i gong arbeidet med å leggja fiberoptiske breibandskablar i Fitjar. Ved utgongen av 2006 hadde alle abonnentar i «fastlandsfitjar» tilbod om tilkopling til breiband, noko som gjorde kommunen til den første i landet som kunne tilby slik dekning. Det er framleis mange kommunar som ikkje kan tilby det.

Ole Vidar brann for utbygging av fornybar energi. I samband med at Fitjar kommune bygde nytt vassverk, kom Ole Vidar med initiativ til samstundes å få bygd kraftstasjon på Rimbareid. Men det var vindkraft som var hovudfokuset hans. Heilt frå det vart sett opp ei målemast på Midtfjellet i 1997 til opninga av vindparken i september 2013, var dette eit prosjekt som han jobba aktivt med.  Planane om vindpark møtte også motstand, men Ole Vidar gav ikkje opp trass dette. Han fann nye løysingar på utfordringane som dukka opp. I samband med opninga i haust uttalte han til ei avis at det var tider undervegs då han lurte på om det var verdt innsatsen, og så sa han: «Men i dag er det gløymt. Dette er ein stor dag.»

Det var slik Ole Vidar var; han la motgangen bak seg og gledde seg over resultatet. Ole Vidar var ein ukueleg optimist. Han hadde ein stor arbeidskapasitet som han brukte til beste for Fitjar Kraftlag. Han hadde ein sjeldan evne til å sjå mogelegheiter for selskapet og han hadde også evna til å få dei gjennomført. Ole Vidar var ikkje berre oppteken av å utvikla Fitjar Kraftlag vidare. Han var svært oppteken av at Fitjarbygda skulle vera ei god plass å bu for alle og var ein aktiv samfunnsbyggjar. Fitjar Kultur- og Idrettsbygg og Kråkoutbygginga er nokre av prosjekta han var involvert i. Det må også nemnast at han var styreleiar i Sunnhordland Kraftlag AS i åra 2001-2004.

For dei tilsette i Fitjar Kraftlag var Ole Vidar ein god leiar. Han såg den einskilde og brydde seg om dei. Likeeins var familien ein viktig del av livet hans. I mars 2013 vart han ramma av alvorleg sjukdom. Han gjekk gjennom ei tøff behandling, men var heile tida like positiv, blid og omsorgsfull som før. Me håpa og trudde heilt til det siste at han ville bli frisk igjen, og det var useieleg trist då meldinga kom at han var død 22. desember 2013.

Me kjem til å sakna arbeidskapasiteten og kunnskapen hans, og ikkje minst optimismen, det gode smilet og det gode humøret til Ole Vidar. Fitjar Kraftlag vil takka han for den store innsatsen han har gjort.

Me lyser fred over Ole Vidar sitt gode minne.

Ranveig Flatråker Ottestad
Styreleiar Fitjar Kraftlag SA