Tysdag 17. april arrangerer SNU miniseminar i styrekompetanse.

– Her vil  Victor Jensen frå Styreakademiet i Hordaland gje ei innføring i styrearbeid, rettigheiter og plikter og korleis ein kan nytte styret aktivt i verksemda. Han vil òg snakke om styret si rolle, og dei viktigaste styreoppgåvene, slik som strategioppgåva, organiseringsoppgåva, kontrolloppgåva og eigenutviklingsoppgåva, melder SNU.

Miniseminaret skal vidare få fram kor viktig det er å ha eit godt styre, kva funksjon eit styre har og kva arbeid eit styre gjer for verksemda.

Deltakarane vil òg få høyre Kjell Fylkesnes, frå Fylkesnes Bil AS, fortelje litt om sine erfaringar med styret og korleis verksemda hans nyttar styret i sitt arbeid.

Miniseminaret finn stad på Stord Hotell, tysdag 17. april og er eit samarbeid mellom SNU og NAV Jobbservice.
 
For meir informasjon kan ein kontakte SNU AS ved prosjektkonsulent Torill Berge Nøstvåg, tlf. 92 87 01 44, eller dagleg leiar Tove Oldereide Bjørk, tlf. 45 22 40 86.