Kulturskulen vitja kommunestyret med minikonsert i møtet i dag!

Ved opninga av kommunestyremøtet i dag møtte seks elevar frå kulturskulen saman med rektor Anne Lene Østvold Jordåen. Dei innleia møtet med ein minikonsert på fløyte, noko politikarane sette stor pris på!

Kulturskulen er ein godt synleg institusjon i bygda, og dei representerer ei stor breidde i fag og har høg kvalitet på det dei gjer. Rektor hadde med gåve til ordføraren.

Norsk Kulturskoleråd har nyleg feira 40-årsjubileum, og Anne Lene overrekte jubileumsbok til ordføraren. Norsk Kulturskoleråd er ein landsomfattande organisasjon som samlar dei fleste kunst- og kulturskulane for barn og unge i eit nettverk.