I kalvegarden hos bonde Lars Ove Rimmereid går det ein nyfødd kalv på under ti kilo.

Den vesle kossekalven av rasen nrf vart fødd på søndag, vel fire veker før tida. Den ser helst ut som ein hund der den sprett rundt i kalvegarden, med unormalt mykje plass rundt seg. Blir den plassert saman med ein jamnaldrande kalv går den under magen på den. Fødselen føregjekk som normalt, men det var ikkje heilt lett å få mat i den vesle krabaten i starten, fortel bonden. Kalvesmokkane var altfor store, og han var ikkje særleg lysten på å drikka. Dei tømde nokre desiliter mjølk direkte i svelget på han fleire gongar i løpet av det første døgeret. No drikk kossekalven frå ei lammeflaska og sluker ein halv liter med mjølk fire gongar for dagen. Kalven er kvikk og frisk, men det knyter seg ei viss spenning til om den kjem til å veksa og utvikla seg som den skal. Det vil tida vise. Verken Lars Ove, eller forrige generasjon på garden på Rimbareid, har fått ein så liten, levande kalv før. Har dei vore så små har dei vore fødde endå lengre før tida og vore døde når dei har kome ut. Så lenge kalven lever er jo dette ei førjuls-gladsak, og eg minner bonden om at eg besøkte han på same tid for to år sidan i samband med ei anna spesiell sak. Då var det lemming i sauefjøset i desember som var sensasjonen. «Eg har no ganske nyfødde lam i fjøset no og», smiler bonden lurt i det han tar den vesle kalven under armen og set han på plass i garden der han høyrer heime.