I haust startar Fitjar Idrettslag opp med minihandball for barn frå 1. til 4. klasse.

Idrettsskulen har handball på sitt program i tre veker framover. Derfor høver det fint med samarbeid mellom handballgruppa og idrettsskulen. I morgon, måndag 15. september kl. 18.00, blir det handball både for dei som går i idrettsskulen og alle andre interesserte barn i 1. og 2. klasse, i gymsalen på Rimbareid skule.

Frå og med 22. september kl. 17.00 vil handball for 1. og 2. klasse foregå i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Onsdag denne veka kl . 18.30 blir det handball for 3. og 4. klasse, gutar og jenter.

På treningane vil dei unge og håpefulle få høve til å leika med ball.

Dei som er interesserte, men som ikkje har høve til å møta første veka, kan ta kontakt med Kari Raunholm på telefon 90585586 eller mail kraunholm@hotmail.com.

Vel møtt!

 

(ANNONSE)