Laurdag var Fitjar Idrettslag vertskap for 80-90 ivrige handballspelarar i idrettshallen vår.

Spelarane var jenter og gutar i årsklassane åtte og ni år, og representerte sju lag frå Stord, Tysnes, Kvinnherad og Fitjar. Vertsklubben stilte med eitt gutelag og eitt jentelag i niårsklassen.

Dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Geirmund Aga, var på plass og viste målstillinga med flip-over under kampane. Men det er berre for at spelarane skal sjå utviklinga i kampen, fortel Charlotte Solberg, leiar i handballgruppa. – På dette nivået noterer me ingen resultat i bøkene, her er det berre fokus på aktivitet og speleglede, fortel ho.

Sjølv var Charlotte Solberg både dommar og administrator for dette store arrangementet. I løpet av laurdagen blei det arrangert heile 24 kampar, i Sunnhordlands-serien i minihandball. Leiaren i handballgruppa fortel at det ikkje blei nokon skader i løpet av turneringa, og nesten ikkje grining. Det siste er eit godt teikn. Og på tribunen var det godt med folk dei fem timane turneringa varte.

Me fekk høve til å snakka med eit par niårsjenter frå Fitjar. Så vidt med forstod, var det ganske gøy. I alle fall let ho vel, Malene Pletten Haugen, som stod i mål på Fitjar. Det er kjekkast å stå i mål, seier ho, sjølv om ho og spela litt utpå. Veninna hennar heiter Maria Louisa Skogheim Seddon og utmerkte seg med mange fine skot frå vingen. Måtte me sjå desse to jentene og alle dei andre lovande handballspelarane igjen i hallen vår i framtida.