Laurdag var Fitjar Idrettslag vertskap for over 100 ivrige handballspelarar i idrettshallen vår.

Når ein endelaus flokk minispelarar set kvarandre stemne, blir det ikkje noko ministemne. Tvert i mot var handballstemnet laurdag årets største arrangement for handballgruppa i Fitjar Idrettsag.

Spelarane var jenter og gutar i årsklassane åtte og ni år, og representerte femten lag frå klubbane Stord, Tysnes, Bømlo, Kvinnherad og Fitjar. Vertsklubben stilte med to gutelag og to jentelag.

Gutane på 14-årslaget til Fitjar var på plass som banevakter, viste målstillinga med flip-over under kampane. Men det er berre for at spelarane skal sjå utviklinga i kampen. På dette nivået blir ikkje resultata førte inn i bøkene, her er det berre fokus på aktivitet og speleglede.

Damelaget stilte som dommarar, og i kiosken stod både styremedlemmer i handballgruppa og ivrige ungdommar. Handballstyret rettar ein stor takk til alle dei frivillige som var med og gjorde dugnad, slik at arrangementet blei ein suksess.

I løpet av laurdagen blei det arrangert heile 29 kampar. Og på tribunen var det godt med folk – foreldre, besteforeldre, søsken og andre pårørande – dei åtte timane turneringa varte.

Fitjar-spelarane har begynt med handball i haust, og har såleis ikkje så mykje handballtrening bak seg. Dei har såleis mykje å læra, spesielt når det gjeld pasningsspel. Men engasjementet er allereie på plass, til liks med idrettsgleda. Måtte me sjå desse lovande handballspelarane igjen i hallen vår i framtida.

Ingressbilete: Foreldrevettreglane låg lett tilgjengeleg, og det såg ut til at dei talrike tilskodarane hadde fått dei med seg. Blant anna står det: – Møt opp på trening og kampar – barna ønsker det. – Gi oppmuntring i både medgang og motgang – ikkje gi kritikk. – Hugs at det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du. Foto: Kjetil Rydland.