Lobelia, skjermsløyfe, middagsblomar, purre og mange andre planter er i god vekst.

Eit spesielt skin av ljos i eit drivhus minner oss om at nye planter er i vekst og at det er vår. I drivhuset hos Tora og Torvald Ingebrigtsen blir me møtt av dette ljoset som og gjev frå seg varme, 400 w. Det er altså god temperatur innandørs og den kontrollerer Torvald kvar dag. 20 gr er ideelt, og når det stig, er det automatisk opning av luker. Drivhuset kom på plass i 1995 og mengda av blomar har helst auka frå år til år. Det er nok litt for fullt her, meiner Tora. Grønsaker har liten prioritet, men me ser i alle fall purre og tomater. Både Torvald og kona er samde om at dei har ein kjempekjekk hobby i drivhuset. For eiga rekning legg me til at dei er aktive med mangt anna og i sitt pensjonist-tilvere.

Torvald fortel at han allereie i oktober startar arbeidet med neste års planter. Då tek han stiklingar  av årets blomar og lagar nye morplanter.  I februar er det tid for å ta stiklingar av desse og knipe av toppane når dei har røta seg.  Me skjønar det slik at han kjøper lite frø denne blomsterelskaren, for mesteparten er stiklingar av fjorårsplanter. Lobelia er ei typisk frøplante, men Torvald har tatt stiklingar av hengelobelia som vart kjøpt hos ein gartnar i Tørvikbygd.

Torvald går i drivhuset kvar dag, og Tora held auga med både mannen og det som veks. Ja eg får gode råd, seier Torvald, og smiler til kona si. Båe to er glade i blomar, noko som heile bygda nyt godt av. Me veit jo at desse to er ansvarlege for stell av alle blomane som pyntar opp i sentrum om sommaren. I garasjen står reinvaska urner og kasser klar til årets sesong, og det er femte året. Torvald minner om at det ikkje er dei to som skaffar blomane til dette føretaket.