Ein ny runde miniatyrskyting startar i neste veke, fortel Knut Vik i Fitjar Skyttarlag.

Han fortel til Fitjarposten at tidlegare deltakarar er godt orienterte om programmet utover vinteren. Listene skal vera komne ut til alle som var med i haust, seier han.

Men han ser gjerne at det melder seg nye skyttarar som har lyst å prøva seg. Miniatyrskytinga startar opp att måndag 11. februrar i Fitjartun-kjellaren, og held fram til rundt påsketider.

Påmelding innan fredag 8. februar til Knut Vik på telefon 97 08 26 46.