
Tente nesten 600 kr til Redd Barna.
Søskena Pernille, Josefine og Jens diska opp med muffins og saft til inntekt til Redd Barna i dag.
– Me har baka dei sjølv. Vaniljemuffins med sjokoladebitar og melisglasur, fortel Josefine.
Det har vore travelt for gjengen, og muffinsane gjekk unna i rekordfart. Journalisten rakk akkurat å sikra seg den siste, og forstod fort då kvifor dei alt var tomme: muffinsane var kjempegode!
– Dei har ikkje kjøpt nokon sjølv. Eg har lova at eg skal baka noko til dei om alle vart solgt, so no må eg i arbeid, ler mamma Birgitte Drønen Brenne.
Søskena var nøgd med pengsummen dei samla inn. Redd Barna vert nok veldig glad for bidraget.