-Innbyggjarane i Sunnhordland kastar mindre papir for kvart år som går, medan mengda papp aukar. Sidan 2009 har mengda papir henta heime hjå folk gått ned med 15 %. Mengda papp som vert kasta på miljøsentralane har i same periode auka med 44 %, skriv SIM i ei pressemelding. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt.

– Det kan tyde på at me kjøper mindre aviser og blad, noko som er naturleg med tanke på at fleire går over til å lese nyhende på ein pc eller eit brett. På den andre sida aukar kjøpekrafta, noko som kanskje viser att i mengda papp og kartong som vert kasta på våre miljøsentralar. Mange varer er pakka inn i papp og kartong. Men dette veit me ikkje, dette er berre tankar me kan gjere oss, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.  

Besøkstalet aukar
I pressemeldinga heiter det vidare at dei totale mengdene som vert kasta i vårt område varierer lite. Ein ser ein liten auke i mengda som vert henta heime hjå folk, og ein liten nedgang i mengda som vert kasta på miljøsentralane. 

Medan besøkstalet på SIM sine miljøsentralar aukar også i 2014. Fjoråret vert dermed eit nytt rekord-år, med  nær 60 000 besøkjande, ein auke på 16 %.  

 – Auken i besøkstal skuldast nok at kundane er oftare innom, med mindre mengder. Særleg gjeld dette miljøsentralen på Heiane, Stord. Der ser me at kundane kjem innom med små mengder, men dei kjem oftare, seier Hillersøy.  

Også ved dei andre miljøsentralane til SIM auka besøkstalet i fjor. Miljøsentralen på Bømlo hadde ein auke på 15 %, medan Sveio var den som auka mest, etter Stord, med 20 %. Tysnes hadde ein auke på 12 %. I Austevoll var auken på 7 % og i Kvinnherad var auken på 12 %. I Fitjar var auken på 19 %.  

Nøgde kundar 
Ei kundeundersøking viser at SIM sine kundar er godt nøgde med tenestene selskapet utfører. Undersøkinga er gjennomført blant 29 avfallsselskap i landet i regi av Avfall Norge. SIM sine kundar er godt nøgde med både kundehandsaming, oppsamlingssystemet og SIM sine miljøsentralar. Kundane er middels nøgde med betalingsopplegget kring renovasjonstenestene, medan 6 av 10 ikkje veit kva dei betalar.