Når både reduksjon av eigedomsskatten og nei til SNU låg inne i fleirtalskoalisjonen sitt budsjett, var det ikkje noka bombe at dette òg vart vedteke då Fitjar kommunestyre hadde møte i går.

KrF hadde rett nok laga eit eige budsjettframlegg i det dei meinte at det var for tidleg å redusera eigedomsskatten no, og sjølv om Senterpartiet langt på veg var samde med dei, var ikkje det nok til at dei nådde fram med framlegget sitt.

Sigurd Andre Maraas (FrP) fremja derimot eit framlegg om fem prosent mindre auke i satsane for SFO og fekk gjennomslag av H og Ap for det. KrF hadde òg dette på budsjettet sitt.

KrF fekk elles gjennomslag for å setja av ein sum til laurdagsbading for småskuleborn.

Det vart vidare vedteke å setja av 250 000 kroner til etablering av eit seniorsenter i bygda og 200 000 kroner til fornying av veglysa langs kommunale vegar.

Les meir i papirutgåva av dagens Sunnhordland.