Fitjarkvartetten med Rasmus Rydland som solist var kjend langt utover både kommune- og fylkesgrensene. I år er det 20 år sidan Rasmus døydde, og søndag vert det mimrekonsert i Fitjar bedehus. I tillegg til dei tidlegare medspelarane til Rasmus i kvartetten: Lars K. Vik, Geir Vik og Rasmus Fitjar, vert og nokre av sønene til Rasmus med denne kvelden. Programmet har tidlegare vore framført i Øvrebygda bedehus. Men no får òg folk i sentrum sjansen til å få med seg denne opplevinga. Det heile startar kl. 19.30, søndag.