Seniorgruppa i Stord Fitjar turlag hadde onsdag utlyst tur til den gamle stemnestaden der Samøtet vart arrangert.  Dette synte seg å vera ein tur der mange seniorar ville vera med.

Mellom 50 og 60 personar av den eldre garde stilte opp i Vekslio, der turen starta. Vidare gjekk turen på ein nyhoggen trasé langs Nordre Dåfjorden, langs vestsida av Rundehaugstjødno og ned til der den oppbygde «Talarstolen» står. Det synte seg at mange av turdeltakarane hadde vore med på Samøtet som vart halde fram til slutten av 1960 talet.

Herfå gjekk me ned til sjøen der gamlesaga sto, til den vart flytta opp til vegen ein gong tidleg på 1900 talet.

Sola skein og med nykokt skogakaffi, blei det mimra over ting dei hugsa frå stemna.Her var med personar som hadde kjørt med hest til stemna, og det var dei som hugsa frå då dei var born og sprong kring i skogen i staden for å høyra på formaningsorda frå talarstolen, menn med lommatørkle på hovudet for ikkje å bli solbrent på den hårlause issen og skivene med egg og sild som var god, standard nistemat.

Det var vanskeleg å få turdeltakarane med seg vidare der dei sat i sola og mimra. Vegen frå gamalt på nordsida av elva, før saga vart flytta, er no rydda og klypt. Her gjekk me opp, og mange historier vart fortalt før me var oppe med parkeringsplassen ved stemmetjørna.