Frå julegrantenninga i fjor. Foto: Helga Rimmereid.

På søndag vert det fullt program i sentrum med opning av miljøgata, søndagsope og julegran-tenning.

Jula nærmar seg med stormskritt, og tradisjon tru skal julegrana i Fitjar sentrum tennast første søndagen i advent. Kl. 16.00 vert det fakkeltog, som endar med tenning av juletre ein time seinare. Her vert det appell med ordførar Harald Rydland, og julemusikk.

Men før julestemninga setter inn for fullt vert det opning av den nye miljøgata i sentrum. Hordaland fylkeskommune, Fitjar kommune og Statens vegvesen inviterer til feiring frå kl.14.30.

– Opninga vert ved den nye kollektivterminalen. Avdelingsdirektøren i Statens vegvesen Grethe Vikane vil orientera om prosjektet, før fylkesvaraordførar Pål Kårbø får tala og ta den offisielle snorklyppen, melder arrangørane.

Dei har fått med seg Fitjar skulekorps til å spela, og vil dela ut blomar til første bilførar.

Fitjar skulekorps som er arrangør for julegran-tenninga melder at det vert utekafé ved Spar, og at det er kafé i Bygdastovo på søndag. So her er det berre å setja av søndagen til ein triveleg dag i sentrum.

- Annonse -