Regnbyene i går var nokså kraftige, men dei utanlandske syklistane tok det med godt humør.

Ved buss-skuret på Helland Nord stod det to godt utstyrde syklar då me køyrde forbi i går. Inni skuret sat eit tysk ektepar og kosa seg med Nut Snack. Desse to kom frå Erfurt og var no på veg attende til Stavanger der dei hadde starta sykkelturen. Etter å ha sykla til Bergen og Voss ordla dei seg slik då me prata saman: Die Landshaft ist wonderschøn und sehr nette Leute. Dei skrytte altså av landskapet og hyggjelege folk. Klaus og Uta rekna ca 14 dagar på heile turen. Dei gav fem stjerner til Norge, men naturleg nok berre to for veret.

I det me takka for ein triveleg prat, kom det to nye sykkelturistar. Alle hadde tilfeldig møtt kvarandre før på norske landevegar, men dei var ikkje i same reisefølgje. Dei to siste kom frå Nederland og sykla frå Larvik til Geilo og Bergen. Ekteparet spurde etter campingplass, og då var det kjekt å kunne vise til den fine staden som Randi og Kristoffer Dalen driv.