Engevik & Tislevoll AS hadde det beste heilskapstilbodet og har fått tildelt oppdraget med å byggje transformator-stasjonen i  Midtfjellet Vindkraftverk.

– Byggjearbeida skal begynne i Midtfjellet i månadsskiftet november/desember 2011, og bygga skal være ferdig før sommaren 2012.

Gjennomsnittleg vil rundt 20 anleggsarbeidarar vere i arbeid i byggjeperioden, heiter det i ei pressemelding frå Midtfjellet Vindkraft AS.