Med sine 44 vindmøller er Midtfjellet Vindpark ein av dei aller største i sitt slag i Noreg. 

Den representerer det nyaste innan vindmølleteknologi, og ved å plassere turbinane i nærleiken av kvarandre har me oppnådd klare stordriftsfordelar i form av infrastruktur, drift og vedlikehald. I tillegg er fjellet no tilgjengeleg for rørslehemma og andre som ikkje har hatt muligheit til å komma seg til fjells tidlegare. Vegar i området er tilrettelagt for sport og friluftsliv på ein ny og spennande måte. Me ynskjer deg velkommen som brukar av området året rundt!

Det har alltid vore vindfullt på Midtfjellet i Fitjar. Det opne landskapet gir gode vilkår for energiutnytting frå alle vindretningar. Det var dette som låg til grunn for ideen om ein vindmøllepark i fjellet. Vind er ein fornybar energiressurs som gjev straum til tusenvis av heimar og verksemder utan skadelege miljøutslepp av CO2 og NOx i lokalmiljøet.

Vindmølleparken tel i dag 44 vindmøller. Desse produserer årleg rundt 350 GWh. Det gjev nok energi til om lag 17 500 husstandar, eller sagt på ein annan måte, nok straum til heile Sunnhordland. Omlag 60 000 innbyggjarar. Det er me stolte av!

Byggetrinn tre er no godt i gang. Søndag 17. juni var alle 11 turbinane i Fase III ferdig montert. Spesialtransporten i Midtfjellet er no ferdig. Det vert ein del lastebiltransport og anna trafikk framover.

Det er framleis eit anleggsområde i Midtfjellet, så vi varsemd!

Besøk nettsidene våre for meir informasjon.

Andre bedrifter

- Annonse -