«Enova har besluttet å tildele støtte til utbygging av Midtfjellet vindkraftanlegg i Fitjar kommune. Støttebeløpet er på 346,5 millioner kroner…», heiter det i ei pressemelding frå  Olje- og energidepartementet, datert i dag.

Anlegget har ein årsproduksjon på om lag 165 GWh. Det tilsvarer årsforbruket av elektrisitet til om lag 8000 husstandar, og i pressemeldinga heiter det vidare:

«Fornybar energiproduksjon er et viktig satsingsområde for regjeringen. De siste to årene har Enova gitt støtte til vindkraftanlegg med en produksjon på nær 1 TWh/år. Med denne tildelingen er det bevilget 1 milliard kroner til vindkraft i år. I tildelingsbrevet for 2010 ga jeg klare signaler til Enova om å fortsette vindkraftsatsingen. Dagens tildeling bekrefter denne satsingen, sier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Kva meiner du om vindmølleutbygginga på Midtfjellet i Fitjarfjellet? Diskuter og kommenter på Facebook-sida vår.

Tildelinger av støtte til vindkraft skjer etter søknad til Enova. Enova hadde søknadsfrist i sitt vindkraftprogram i 29. januar, og tildelte støtte til tre vindkraftprosjekter i mai i år. De prosjektene som gir mest energi for støttemidlene prioriteres.

Olje- og energidepartementet ga konsesjon til Midtfjellet vindkraftanlegg 28. mai 2008.

– For oss som har jobba så lenge og så intents med saka er dette både julaftan, bursdag og 17. mai på ein gong, strålar kraftlagssjef Ole Vidar Lunde i Fitjar kraftlag som heiste flagget og tinga kake då pressemeldinga frå departementet kom klokka 09.00 i dag tidleg.

Lunde understrekar at ein med dette er kome eit langt steg vidare mot eit utbyggingsvedtak.

– Men først må me ha ei godkjenning av ESA (EFTA sitt overvakingsorgan), og så må me køyra ein normal anbodsprosess før me kan fatta eit endeleg utbyggingsvedtak. Er eg veldig, kan me vera i gang med utbygginga til sommaren, seier kraftlagssjefen til slutt.

Kva meiner du om vindmølleutbygginga på Midtfjellet i Fitjarfjellet? Diskuter og kommenter på Facebook-sida vår.

Les òg om saka i andre medier

Grønt lys for vindmølleparken (bt.no)

346,5 millioner til vindpark (tu.no)

Endelig kom vindkraftpengene (nu.no)

Vindmøllene blir 142 meter høge (bt.no)