Då vindmøllene begynte å reise seg på Midtfjellet, var det mange som halvt på spøk sa: -Då må me har eit løp som heiter «Førstemann til mølla». 30. august vert det, og andre gode idear, realisert.

Midtfjelldagen er eit samarbeid mellom Fitjar Idrettslag og Midtfjellet Vindkraft. Ei storsatsing på aktivitetsdag på Midtfjellet laurdag 30. august. Motbakkeløpet «Først til mølla» startar kl. 13.00. Her er det fellesstart i alle klassar. Målområdet er Mølle B12. (Fitjarsåto 403 moh.)

Elles startar det heile allereie kl. 11.00. Då er det klart for både turmarsj og «Møllesprinten».

Turmarsjen går frå Fitjar Idrettspark til Mølle nr. B12, som har panoramautsikt over den vakre bygda vår. Alle her får deltakarmedalje ! Dette er for store og små, gamle og unge. Turen tek rundt ein time.

Møllesprinten, som er eit orienteringsløp for alle klasser, startar og sluttar ved B12 ,og her er det individuell start.

Busstransport
Det blir skytteltrafikk med buss opp til same mølle B12 for publikum som ønksjer å ta del i dagen.  På B12 blir det opplegg med bord og stolar, kiosk med sal av grillmat, sushi, laksewraps, kaffi og kaker og andre godsaker. Vidare vert det «Mølleopera» med Runar Thor Gudmundsson, og annan lokal underhaldning  og opplegg for ungane. Premieutdelinga går sjølvsagt òg føre seg på fjellet.

-Ønskjer å få flest mogeleg til fjells
-Hovudmålet med Midtfjelletdagen er å få flest muleg folk opp til fjells og skape ein aktivitet som vil dra så mange som muleg av bygdas, og også utanbygds, folk opp i Vindparken. Få brukt anlegget, vegnettet . I tillegg er dette er ei brei satsing frå Idrettslaget, der alle gruppene er med på dugnaden.

Målet er også at dette arrangementet, skal være årvisst, seier Ole Bergesen, som er leiar for prosjektet.

Ingressbilete: Foto: Elisabeth Tønnesen

{ANNONSE) 

esteroides anabolizantes