– På grunn av svært stor trafikk vil den nye Midtfjellvegen verta stengt frå måndag til fredag. – Dette av sikkerheitsmessige grunnar, opplyser Ole Vidar Lunde til fitjarposten.no.

Laurdagene vil det òg gå ein og annan transport på vegen, men ikkje av det omfanget som elles i vekene. – Folk kan då nytte vegen, men må vera oppmerksame på at det kan kome ein og annan bil, legg Lunde til.

Søndagane er det ikkje biltrafikk i det heile, så då er det fritt fram.

Slik vil det òg vere i påsken.

– Vegen vert stengt for all transport frå Skjærtorsdag til og med 2. påskedag. I påsken vurderer me elles å legge opp til ein open dag der me let ein buss gå i skytteltrafikk for dei som har lyst til å kome seg opp på Midtfjellet på denne måten, seier Ole Vidar Lunde til slutt.

Kva for dag det blir, vil han koma tilbake til.