Onar Westerheim er bra fornøgd med 7.-plassen under VM-sprinten for veteranar i Heerenveen i helga.

Sist helg vart det arrangert VM i sprint for veteranar på den ærverdige Thialf stadion i Heerenveen. Me visste at interessa for skeisesport var stor i Nederland, men me fekk oss ei stor overrasking då me kom til hallen fredag morgon for å trena. Det var heilt fullt av folk på banen. Folk i alle aldrar og med ulik ferdighet gjekk runde etter runde og trena skeiseteknikk. Her var heile «husmorlag» som med stor iver samla seg rundt trenar for å få tips om tekniske detaljar. Eit ektepar godt over 80 gleid fint over isflata, ho ved hjelp av ein spesiallaga «gåstol». Så gjekk det slag i slag med konkurransar av ulik slag. Langløp var svært populært, over 40 dameløparar starta ut og gjekk først 40 så 50 rundar. Fantastisk.

l VM-sprint for veteranar – 4th Masters Speed Skating Sprint Games – gjekk det sånn middels. Det er ein stor auke i deltakarar på desse arrangementa, og då sjølvsagt ein skarpare konkurranse år for år . 230 deltakarar frå 15 nasjonar deltok; 42 av desse var norske. To lokale løparar deltok, Onar Westerheim i klasse 60 og Jan Henriksen i klasse 65. Dette er dei største klassane i meisterskapen, 31 deltakarar i M60 og 26 i M65.

Onar oppnådde 7.-plass samanlagt, medan Jan vart nr. 8 i sin klasse. Torsdag reiser dei til Berlin og World Cup i allround, før dei reiser vidare til Erfurt og VM i allround. Til Berlin får dei og med seg Harald Westerheim.

Resultata i klassen til Onar Westerheim kan du lesa her:

Resultata i klassen til Jan Henriksen kan du lesa her: