Både Jonas K. Lønning og Gisle F. Aarbø kom brukbart frå VM-runden i Åsane i helga, utan å nå heilt opp.

Løpet på Eikås Motorsenter i Åsane var den sjette av sju rundar i årets vestlandsmeisterskap i bilcross junior. Frå støtteapparatet i Fitjar Racing Team får me opplyst at både førarane og bilane kom vel frå løpa i Bergen. Bilane unngjekk dei store bulkane, og både Jonas og Gisle lét vel over at dei var fornøgde med innsatsen. Jonas har fått kjørt lite i år, og kan nok vera rimeleg fornøgd. Etter to tredjeplassar og ein femteplass i innleiande heat blei det C-finale, der han blei nummer to. Ein 10.-plass totalt må seiast å vera brukbart for Jonas sin del.

Gisle har hatt ein betre sesong, og som vanleg var det han som gjorde det best av dei to. Etter to andreplassar og ein tredjeplass i dei innleiande omgangane mangla Gisle eitt poeng på å nå A-finalen. Dermed blei det B-finale, der han blei nummer fire, noko som gav ein 8.-plass totalt i laurdagens løp.

Med dette resultatet fall Gisle ned frå den fine tredjeplassen han hadde i samandraget i VM. Og no skal det bli spanande å sjå om han kan klora seg opp på ein pallplass til slutt. Siste runden i vestlandsmeisterskapen går i Vikedal i slutten av oktober. Då kan dei førarane som har vore med i alle VM-rundane stryka det dårlegaste resultatet sitt. Dermed er det litt uoversiktleg å sjå korleis det i ligg an akkurat no, og me må venta til siste runden og sjå kor langt det rekk for Gisle.