Sender ei sommarhelsing fra Syd Frankrike, 3 – 10. august i Sauveterre De Rouerge og nabolandsbyen Naucelle.

Sauveterre De Rouerge er ein middelalderby frå 1281.

Det spesielle med byen er at han er bygd rundt ein stor, open plass. Alle husa mot plassen har romansk arkadegang.
Arkadegangane er freda. Her er butikkar, kunsverkstader,galleri med meir.

På den opne plassen er det ulike kulturelle aktivitetar om kveldane, og juli/august er marknads-månadene.

Byen er full av sjarm og atmosfære, med koselege franske menneske rundt deg. Sauveterre har 850 innbyggjarar, men i sommarhalvåret er innbyggjartalet dobla.

I Naucelle, berre 6 km frå Sauveterre, ligg Chateau du Bosc, som var sommarslottet til kunstnaren Henri de Toulouse Lautrec sine foreldre. Henri var eit svakeleg barn, og mesteparten av tida brukte han til å teikna og mala. Foreldra var av adelsslekt, og faren var greve. Det vert sagt at alle i Toulouse-Lautrec – familien var kunstnarar. Henri drog til Paris og malte frå nattelivet i cabaret-miljøet rundt Molin Rouge. Han vart seinare berømt for sine maleri og plakatar.

Like før han døydde, berre 36 år gammal, vart eit av verka hans kjøpt inn av Louvre i Paris.